Hevert er vel ikkje optimalt med tanke på oksidering, men virkar som den lettaste løysinga når ein har vanleg gjæringsbøtte.
Å ha flaskene liggande under karbonering er eit tips eg ikkje har lese før! Er det for å spre gjæren betre utover i ølet og gi ein raskare prosess?
Takk for svar! Men om det finst meir enn nok gjær til karboneringa, kva slags jobb gjer den ekstra gjæren Kjetil snakkar om? Korleis minsker den sjangsane for oksidering?
Eg skal snart brygge ein porter til bryllaup neste sommar, og vil gjerne unngå oksidering etter beste evne. :)
Eg vil spele litt vidare på dette temaet med å sitere (relativt nøyaktig) Kjetil Jikiun i siste episode av Vestkast:
«Jeg skjønner at mange synes det er fint å ha et klart øl, og at det er fint at det ikke legger seg sedimenter i bunnen av flasken. Men når man gjør det, så har man jo lagt til...
Skjønar. PBW i erlenmeyer var i alle fall svært deilig. Om eg bruker PBW kun til kolbe, kokekjele og kran så vil det bli cirka 20 kroner per brygg.
Blir betrakteleg billegare om oppvaskmiddelet gjer jobben på kar og ikkje minst flasker. Gler meg til å teste!
Tar oppvaskmaskinmiddelet knekken på ein skitten erlenmeyer? Skitten frå den krausen rekk ofte å setje seg ganske hardt under dekantering. Dei er kliss umoglege å vaske med kost, så kolben min vart skinnande rein etter ei fuktig natt med PBW.
Kanskje kolben til og med kunne tatt ein tur i maskina.
Interessant, Finn! Skal gå til innkjøp av Sun Extra Power som eg las er ganske likt i innhald som PBW. Opplever du at det er lett å skylje oppvaskmiddel av? F.eks prøvde eg Zalo ein gong, og det var betrakteleg enklare å skylje vekk PBW.
Ein tilsett på Bryggselv anbefalte å fylle opp...
Einig der. Kiloprisen på PBW er 273 kroner i motsetning til f.eks Sun Extra Power med sine leikne 40 kroner per kilo. Eg bruker PBW fordi det fungerer fjell, er enkelt, og kanskje mest fordi eg har eit lite BIAB-oppsett med eitt kar og eitt gjæringsskap, så treng nok ikkje i nærleiken av like...
Takk for svar! Det gjaldt lagring ja. :) Eg skal sjekke ut tipset ditt! Eg har ikkje tilgang på kjeller / kaldt rom, så tenkte eg skulle prøve å bli litt kreativ med hemsen.
Spørsmål om lagring av øl:
Eg har nyleg flytta til ein liten loftleiligheit kor eg skal lagre ølet oppe på hemsen i stova. Finst det smarte måtar for å klare å halde dette ølet kaldt på utan å bruke kjøleskap/fryser (lågt under taket)? Har tilgang på straum.
For øvrig åpen for å bli fortalt at...
John Palmer sa i Brew Strong-podkasten at pH-strips ikkje er veldig nøyaktig, så digitalt måleverktøy er å foretrekke i heimebrygging. Nokon meir konkret grunn hugsar eg ikkje. Får stort sett med meg kva som er lurt å gjere frå den podkasten, men ikkje alltid kvifor. Sjølv om dei forklarar godt...
Godt tips med Sun Extra, @Enur! Spesielt om det ikkje er fatalt skittent., men spørs om det vil fungere på f.eks saison-gjær.
Litt tall:
PBW – 450-gram-pakken til 129 kroner på Bryggselv: 273 kroner per kilo
PBW – 22.5-bøtta til 1990 kroner på Bryggselv: 88 kroner per kilo (absurde 68 %...
Notert! På sundag vaska me flasker ved å lage cirka 4-5 liter varm PBW-blanding i ei bøtte, tappa litt oppi alle flaskene, rista dei for å fukte heile flaska, og lot det stå 30 min. Deretter kjørte me drill med kost på oppi alle, og skylja i vatn. Fungerte strålande! Tar jo litt tid, men er...
Eg har temperaturkontroll med sensor i vørteren, så kan byrje kor eg vil heldigvis. :) Tenkte å legge meg på 16 grader under stormgjæring, og bumpe opp til 19 grader etter fem dagar. Skal tørrhumle på den sjuande.
Takk for svar! Eg tenkte å gjære på 18 gader, då oppskrifta seier 16 - 18 grader og Fermentis oppgir 18 grader som ideell temperatur. Eller er det kanskje bedre å legge seg på 16 mtp på krausen? Vil naturlegvis ha best mogleg smak enn å tørke vekk litt kraus frå gulvet. :)
I tillegg til...
Gir produsentane av gjær ut data på ca. kor mykje det kjem til å skumme? Har den eigenskapen eit namn hos gjæren? Skal brygge ein APA på sundag med US-05, og håpar på å stappe 23 liter i eit 25 literskar med blow-off. Burde det fungerere, eller er det bedre å ha litt mindre volum?
Så absolutt! Men eg har lest så mykje om at StarSan klarar ikkje å desinfisere gjærrestar, så paraonia har slått inn. Eg kan jo godt teste ei gjæringsbøtte med betrakteleg mindre PBW i tillegg, slenge oppi to cirka like skitne flasker, og samanlikne.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.