Eg måtte nylig kvitte meg med gjæringsskapet mitt pga plassmangel. No vurderer eg å kjøpe Fermzilla – og lurer på to ting:
1. Klarar eg å karbonere ølet i romtemperatur? Eg ser at maks PSI er 2.5 bar.
2. Ølet skal stort sett flaskast. Har nokon produktanbefalingar til å tappe oksygenfritt frå...
Fekk infeksjon på forrige brygget mitt. Er rimelig sikker på at det var gjæringskaret som var problemet, men eg har også tenkt på tappekranen til Speidelen. Den tenker eg alltid at eg burde vaske, men så blir det sjeldan gjort etter ein lang bryggedag. Er nokon som har for vane å vaske den, og i...
Reingjering av Speidelen
Etter brygging så:
Fyller eg den med vatn til over varmeelementa på 60 grader
Hiv oppi PBW
Vasker langs kantane med oppvaskkost
Lar det stå over natta utan straum
Vasker dagen etter med oppvaskkost og tannkost for varmeelementa
Ei vasking eg sjølv synest er ganske...
Det er dags for eit truleg veldig dumt spørsmål.
Eg brukar bryggekalkulator.no for vannjustering, men kva er forskjellen på «meskevann» og «kun mesk»? Er det så enkelt som i at «kun mesk»-vannjusteringa skal tilsetjast etter meskinga er i gang, og ikkje i meskevannet i forkant? :)
Eg brygger på kjøkenet i dag med bryggemaskina rett ved eit vindauge, og blåser dampen ut med ei ståande vifte. Har fungert bra.
Du har nok rett @PetterL – eg skal slå frå meg baderommet som bryggerom. Takk! :)
Nok eit dumt spørsmål frå meg: me fekk akkurat installert ny baderomsvifte hos oss, og eg fekk ein idè om å flytte bryggeprosessen inn dit av praktiske hensyn. Men spørsmålet er om ei slik vifte har godt av/tåler damp frå vørter? Badet har ikkje vindauge.
Eg gjorde ei måling no utan trub. Får 1.030. Skuffande. Skulle vere 1.016. Men eg trur eg veit årsaka: det skjedde ein feil med meskinga. Me dobbeltmeska, og andre runden så meska det på 76 grader og sakte nedover den fyrste halvtimen. Kan dette vere årsaka? Det var ein bryggetabbe av oss.
Skulle måle FG på stouten (eg sliter med grums opptil krana, eit par sider tilbake i tråden). Er det lurast å bruke heverten her, eller er stouten eit øl som er lett å oksidere?
Eg antar for øvrig ei måling med så mykje grums kanskje ikkje vert heilt reell? Det håpar eg i alle fall ikkje...
Eg trur absolutt det er eit problem med prosessen ja, blant anna:
Ingen humleposer
Ingen humlefilter
Kjøler med pumpe på, og deretter tapper like etter
Det kan vere at eg løyser veldig mykje med å la vørteren stå ein times tid etter nedkjøling, kanskje whirlpoole også. Og eventuelt prøve meg...
Eg har akkurat gått bort frå hevert for å forsøke å unngå oksygenet, så vil gjerne få kran til å fungere.
Nedkjølinga skjer med pumpe og kjølekappe, så det blir ein del med. Eg skal forsøke å tillegge meg ein time ekstra der det kan få tid til å synke.
Dette er standard gjæringsbøtte frå...
Nokon som har funne ei fin løysing for å unngå at gjærkaka blir med på tappinga slik?
Sist så vippa eg bak karet rett før tapping, men gjærkaka låg solid og fast. Det enklaste er kanskje rett og slett berre å be om gjæringskar med hull høgare oppe?
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.